Storoppdrag for Bybanen i Bergen

Vi skal levere 300-400 vogntog med liten maskinstein til fase 2 i utbygginga av Bybanen.

Bybanen i Bergen vart offisielt åpna 22. juni 2010. Bybanen Utbygging arbeider nå med det neste trinnet i utbygginga; forlenging frå Nesttun til Lagunen.  Strekninga er ca. 4 km lang, har fem stoppestader og er planlagt åpna i 2013.

Til denne utbygginga er det behov for murar. Nordfjord skifer as vann i 2011 oppdraget med å levere 4000-6000 m2 liten maskinstein. For Nordfjord skifer as er dette ein stor ordre i og med at vi snakkar om 300 - 400 vogntog.

Leveransen er i gang, og vi er underleverandør til anleggs-gartnermester Magne Løvaas as.