Nordfjord Skifer


Steinbrotet der Nordfjordskiferen vert teken ut ligg like ved RV 39 mellom Reed og Sandane i Gloppen kommune.

Vi tek ut Nordfjordskifer som er ein kvartsittskifer med ein svært høg fysisk kvalitet. Skiferen er difor godt eigna til å skape varige, vedlikehaldsfrie utemiljø. Nordfjordskifer utmerkar seg spesielt ved at den har mange vakre fargenyansar i skiferen.

Så langt det let seg gjere tilpassar vi steinen til kunden sine behov. Vi kan og tilby oppføring av murar, utført av entreprenørar/anleggsgartnarar som har lang erfaring med naturstein.

For tilbod og meir informasjon ta kontakt med dagleg leiar Sverre Sunde eller driftsleiar Roger Hjelle.